Ringblomsten har stått i full blomst i heile sommar og haust her i kjøkkenhagen på garden vår. Me har nokre pallekarmar fulle, og neste år skal det bli meir! Den er så utruleg nydeleg, saman med alle dei andre grønsakene våre i kjøkkenhagen – ein kan ikkje anna enn å bli glad! Men ringblomsten er ikkje berre til pynt her hjå oss, me brukar den også i maten, på kaker og sjølvsagt også til hudpleie!
Ringblomsten har ein heilt sentral rolle i ansikskremen vår med talg ringblomst og lavendel, og det er ikkje utan grunn til at me har kombinert akkurat desse to fantastiske ingrediensane i ein ansiktskrem!
Ringblomst – naturleg kraft!
Ringblomst (calendula officinalis) har vore brukt i folkemedisinen i hundrevis av år, og er særleg kjend for å lindre og støtte hud i ubalanse. Den verkar betennelsesdempande, sårhelande og mjukgjerande – og passar derfor spesielt godt for tørr, sensitiv eller irritert hud.
Dei aktive plantestoffa i ringblomsten roar ned raudheit og kløe, samtidig som dei støttar huda si eiga evne til å reparere seg sjølv. Dette gjer ringblomst fantastisk i hudpleieprodukt for både små og store, og eit naturleg val for deg som ynskjer ein rein og skånsam ingrediens med dokumentert effekt. Ei kraftfull ringblomstsalve gjer susen!
(Kjøp vår ansiktskrem med talg og ringblomst her)
Talg – perfekt saman med ringblomsten
Talget sine eigenskaper passar perfekt saman med ringblomsten. Talg er rikt på feittsyrer og vitamin som liknar det naturlege feittlaget me har i huda frå før. Det gir djuptgåande fukt og beskyttar huda utan å tette porene. Talg hjelper også med å gjenopprette balansen i hudbarrieren – noko som er avgjerande for deg som slit med tørr eller sensitiv hud. Talg gjer huda sunn og frisk!
(Kjøp vår ansiktskrem med talg og ringblomst her)
Ringblomst & talg i ein herleg ansiktskrem!
Når me lagar ansiktskrem med både talg og ringblomst, kombinerer me to av naturens mest hudvennlege ingrediensar – og dei forsterkar kvarandre på ein heilt unik måte. Resultatet er ei krem som kjennest ekte, effektiv og trygg – utan unødvendige tilsetjingsstoff. Naturleg, næringsrik og laga med omtanke.
Ansiktskrem med ringblomst & talg passer til alle hudtypar, men er spesielt godt til sensitiv og tørr hud
Både talg og ringblomst er også god mot urein hud og kviser. Talg og ringblomst er rensande, betennelsesdempande og roar ned irritert hud.
Bruk den som både dag- og nattkrem – næringsrik og regenererande.
Mange med rosacea seier at denne ansiktskremen lindrar godt