I ei verd der mykje av det me lagar mat med er ultraprossesert, raffinert og langt frå sitt opphav, er det noko nesten revolusjonerande med talg. Eit feitt som er så enkelt, så ekte – og samstundes så funksjonelt.
Her på garden lagar me reint, smelta talg frå våre eigne grasfôra dyr. Det er eit godt døme på kva ei reinvare faktisk kan vere i praksis: eitt einaste ingrediens – talg.
Men kvifor bør vi eigentleg bruke talg til matlaging?
Høg varme? Talg toler det
Ein av dei største fordelane med talg er kor stabilt det er. Talg toler høg varme svært godt, noko som gjer det ideelt til både steiking og fritering.
Der mange planteoljer bryt ned og kan bli ustabile ved høge temperaturar, held talg seg stabilt. Det betyr:
- Mindre risiko for at feittet blir øydelagt
- Betre smak på maten
- Meir kontroll i steikepanna
Dette er tradisjonell kunnskap – men også noko fleire kokkar og matentusiastar har fått augo opp for igjen.
Vårt reine steiketalg frå grasfôra dyr finn de her!
Naturleg næring – rett frå råvara
Talg er ikkje berre eit steikefeitt – det er også næringsrikt. Talg har eit naturleg innhald av:
- Vitamin A, D, E og K
- Omega-3-feittsyrer
Dette er næringsstoff som kroppen kjenner igjen og nyttar seg av. I motsetnad til mange ultraprosseserte oljer, som ofte er sterkt behandla, kjem talg tett på sitt naturlege utgangspunkt.
Det handlar om kvalitet.
Smak som faktisk smakar
Talg gir ein rik, rund smak som mange meiner løftar maten – spesielt kjøt, poteter og grønsaker. Det er ikkje tilfeldig at det har vore brukt i generasjonar før oss.
Når du steiker i talg, får du:
- Sprø overflate
- Saftig resultat
- Djupare smak
Dette er eigenskapar som ofte går tapt når ein brukar meir nøytrale, raffinerte oljer. Sjølv steiker eg det økologiske og grasfôra kjøtet frå garden vår i talg. Steikeskorpa på kjøtet vert fantastisk, og eg kan bruke mindre feitt i panna enn om eg brukar vanlege oljer og smør.
Ei reinvare du kan stole på
Det kanskje viktigaste argumentet for mange i dag, er dette: talg er ei reinvare. Steiketalget frå oss i Symre er handlaga på Een gard på Voss, reinska fleire gongar og heilt utan tilsetningsstoff.
Det står i sterk kontrast til mykje av det vi finn i butikkhyllene – ultraprosseserte matoljer.
Å velje talg kan derfor vere eit bevisst val om:
- Færre ingrediensar
- Mindre prosessering
- Meir openheit om opphav
Frå gard til bord
Ein annan viktig dimensjon er kor råvara kjem frå. Her er talgen henta frå økologiske, grasfôra dyr frå lokale gardar.
Det gir ikkje berre eit betre produkt – men knyter maten nærare naturen og landskapet den kjem frå. Dette er mat med ei historie.
Meir enn berre feitt
Talg kan brukast til meir enn berre steiking:
- I baking
- Til fritering
- Som tilsetning i kraft for ekstra næring
Det er eit allsidig kjøkkenprodukt – slik det alltid har vore.
Me bruker også talg til vår hudpleieserie, Symre, og du finn alle produkta våre her!
Tilbake til det enkle
Kanskje er det nettopp det talg representerer, som gjer det så aktuelt i dag. I ei tid der mykje er ultraprossesert, komplisert og fjernt frå naturen, peikar talg i ei anna retning:
Mot det enkle.
Mot reinvare.
Mot tradisjon.
Og kanskje er det nettopp der vi finn den beste smaken – og dei beste vala for kroppen.