Symre er vinnar av BYGDEKVINNEPRISEN 2025

Symre er vinnar av BYGDEKVINNEPRISEN 2025

Hurra! Det er ikkje til å tru! Denne helga kunne me reise til Lillehammer for å motta BYGDEKVINNEPRISEN 2025. For ei ære! 

Når Tonje fekk telefonen om at me hadde vunne, så vart det stor jubel i heimen! Og me heiv oss rundt på kort varsel og reiste til Lillehammer der Norges Bygdekvinnelag skulle ha inspirasjonssamling denne helga. Med over 30 nominerte, så hadde me aldri trudd me skulle vinne. Men på fredag kveld fekk me altså motta prisen! Heder, ære og 20 000 kr. Me er så glade! 

Bygdekvinnelaget er ein organisasjon me verkeleg respekterer, så det var ekstra stas å få denne prisen. 

Me er oppvaksen med sterke bygdekvinner rundt oss. Og dei lokale bygdekvinnelaga har alltid vore der – med basar, arrangement, sal av lokalmat og formidling av tradisjonar. Organisasjonen arbeider for levande bygder, for kvinner på bygdene og for vidareføring av tradisjonar og tradisjonsmat. Og det er ein organisasjon som har vore opptatt av ressursbruk og bærekraft (sidan lenge før dette var eit trend-ord!). 

Med oss på prisutdelinga hadde me også minstejenta til Silje. Symre er – til liks med garden vår – ei familiebedrift. Heile flokken er med i arbeidet! Og då er det klart at ein må vera med på prisutdeling også!

På Norges Bygdekvinnelag si nettside står det også ein fin artikkel om oss, som de kan lese her.

 

 

Tilbake til bloggen