Bli med oss på Debio-kontroll på garden vår, og få eit innblikk i økologisk sertifisering!
I går hadde me Debio-kontroll her på garden. Det skjer ein gong i året. Skulle tru eg hadde byrja bli van til det, men eg blir faktisk litt stressa kvar gong. Eg har møtt kontrolløren før, ein riktig så hyggeleg mann (og tidlegare bonde). Me forstår kvarandre med felles referansar frå bondeyrket, men likevel er det noko med å bli kontrollert så nøye, å bli sett i korta.
Kontrollen tok over 4 timar (!!!) denne gongen – som de kan skjønne så går ein altså grundig til verks. Og ein typisk kontroll kan kort fortalt sjå slik ut:
- Inspeksjon av fjøs og dyr med tanke på dyrevelferd
- Sjekk av bruk av medisin frå veterinær
- Inspeksjon av gardsbutikk – er alle varer merka med øko-merke, og er dei tydeleg adskilt frå ikkje-økologiske varer.
- Gjennomgang av areal på garden
- Kontroll av rekneskapet mitt – kan eg dokumentere at alt eg har kjøpt inn av råvarer er økologisk og at eg ikkje har brukt plantevernmidlar som ikkje er tillatt i økologisk produksjon
- Sporing av dyr sendt til slakt og at eg kan spore økologisk dyr frå slakteri og ut til kunde.
Nytt av året er at me også skal byrja få sertifisert alle dei andre produkta våre som me sel i gardsbutikken! Syltetøy, urtesalt, krydderblandingar. Desse har jo vore økologisk heile tida. Men uten sertifiseringa, så har ein ikkje lov til å kalle eit produkt økologisk – uansett om alle ingrediensaene er 100 % økologisk. Sertifisering må på plass først! Så no gjenstår berre litt papirarbeid, så skal me få sertifisering på plass også for desse. Det blir skikkelig stas! Og eg håper og trur at det også vil skape meir-sal av desse produkta våre.
Det var pappa som la om til økologisk drift her på garden i 2004 – så no har me altså vore økologiske i over 20 år! Tenk det! Han har alltid vore opptatt av miljø og økologi, og har inspirert meg til å halde fram i dette sporet.
Sjekk ut vår økologiske hudpleie her!
Økologisk betyr mykje for oss
Me tar alle våre eigne val, eg dømmer verkeleg ingen. Men personleg så forstår eg berre ikkje logikken i å bruke sprøytemiddel og kunstgjødsel i matproduksjon. Her på Voss er driv dei fleste bønder rundt meg konvensjonelt – og me er både gode vener og naboar, heier på kvarandre og hjelper kvarandre. Men me tar ulike val. Dei forstår ikkje mine val når det gjeld økologi, og eg forstår ikkje deira.
Men i mitt eige hovud er det berre så logisk. Som bonde lever eg av naturen, eg er avhengig av eit økosystem i balanse. Og som eit menneske som er avhengig av mat kvar dag for å overleve, så vil eg aller helst ha rein mat i kroppen min. «Føre var» er eit viktig økologisk prinsipp – altså kvifor ta sjansen?
Og kva betyr det at maten eg produserer er økologisk? Når eg driv garden min økologisk så forpliktar eg med til å etterfølge at:
- Det er ingen GMO i produksjonen
- Eg ikkje brukar kunstgjødsel og ingen kjemisk-syntetiske plantevernmidler, og fokuserer på bruk av organisk materiale (f.eks. husdyrgjødsel/kompost)
- Følger strenge reglar for dyrevelferd
- Ikkje produserer mat med tilsetningsstoff som ikkje er tillatt i økologisk drift
Og når de som forbrukarar vel økologisk, så støttar de også produsentar som tar omsyn til desse reglane. Økologisk er (slik me ser det) eit god val på så mange måtar!
På garden vår som me altså driv økologisk, prøver me også å følge det ein kallar regenerative metodar. I tillegg til å ikkje bruke sprøyemiddel og kunstgjødsel, så prøver me å halde økosystemet i balanse og. For å gjere dette pløyer me for eksempel ikkje gjorda vår, og me beiter med dyra våre på bestemte måtar.
Og for nokre år sidan var me med på eit forskningsprosjekt via Norsk landbruksrådgivning, og prøvane av jorda vår kunne fortelje at me på garden hadde eit rikt jordliv!
Sjekk ut vår økologiske hudpleie her!
Eit naturleg, økologisk val for Symre
Garden vår Een gard på Voss har altså vore økologisk sidan 2004. Då me byrja å lage Symre for 5 år sidan, så var det difor heilt naturleg å ta med oss dei same verdiane inn i produkta våre.
For oss er det einaste rette å bruke økologiske ingrediensar også i hudpleien vår. Huda er eit levande organ med ein naturleg beskyttande barriere, og huda absorberer det me smører på. Difor synest me det er viktig å vera bevisste på kva me brukar på huda, og kva slags ingrediensar me vel. Det er like viktig å tenke på dette som det er å tenke på kva me puttar i munnen vår.
Som grunnlag for all hudpleien vår er det økologiske talget som kjem frå våre eigne dyr. Me får også økologisk talg frå garden Larsastova (ein lokal gard 40 min frå oss, som også er dei som slaktar dyra våre). Den siste garden me får talg frå er Voss gardsslakteri. Dette talget er ikkje økologisk, men dei kan vise til fantastisk dyrevelferd (!!!), så difor har me valt å bruke talg også frå dei. Dei andre økologiske ingrediensane i kremane våre er opplista under kvart produkt på nettsida vår. Slik kan du som kunde få god oversikt over innhalde i kremane våre og ta bevisste val for deg sjølv.
For oss heng alt saman. Måten me driv garden på, omsynet til råvarene og ønsket om å lage god hudpleie er delar av den same historia. Med talg som råvare har me røter i tradisjonane og naturen rundt oss. Me trur på gjennomtenkte ingrediensar, enkle oppskrifter og det å kunne stå inne for det me lagar.
Økologi er ikkje noko nytt for oss. Det er verdiar me har levd etter på garden sidan 2004 – og som me tek med oss vidare i kvar einaste krukke me lagar.
Takk for at du er med oss på vår økologiske reise!
Sjekk ut vår økologiske hudpleie her!
Vil du lese meir om økologisk hudpleie med få ingrediensar, så anbefaler me denne artikkelen frå bladet Ren Mat: https://www.renmat.no/artikler/2024/rein-mat-for-huda?utm_source=chatgpt.com