Vinteren er straks her, og me er klar for kaldare dagar! Mange opplever at kaldare luft gjer huda tørrare. Då kan det vera på tide å endre litt på hudpleie-rutinane for å gje huda meir fukt og næring!
Her får du nokre gode tips av Silje for å ta vare huda i vinterkulden:
- Bruk ein næringsrik og fuktigheitsgivande ansiktskrem om dagen
- Bruk nattkrem om du opplever at huda vert veldig tørr
- Vask ansiktet med vatn eller kun ein mild rens. Sjølv bruker me naturleg talgsåpe eller sauemjølkssåpe, som ikkje bidreg til å gjere huda tørr.
- Bruk gjerne kuldekrem om du skal vera ute lenge. Smør gjerne ungane godt om morgonen før dei går i barnehagen / på skulen.
- Bruk kremar som gir nok næring og fukt. Hugs at mange kremar faktisk har eit veldig høgt innhald av vatn. Vatn gjer kremen lett og smidig å påføre, men dette er fyllstoff (og juks!) Pass på at du betaler for krem med gode ingrediensar, ikkje for vatn.
- Lepper og hender treng gjerne også litt ekstra pleie no utover hausten.
- Om du har veldig tørre hender, så anbefaler me å smørja hendene med eit ekstra godt lag med handkrem på kvelden. Då får det trekke godt inn over natta.
Talgkrem er perfekt for vinteren!
Tar me ein grundigare kikk på innhaldet i talg, forstår me kvifor dette er den perfekte ingrediensen i hudpleie! Og ikkje minst kvifor talgbasert hudpleie er eit fantastisk utgangspunkt for frisk og strålande hud i vinter.
Talg inneheld:
- Palmitinsyre er ei metta feittsyre som er mykje brukt i hudpleie. I talget finst altså denne naturleg. Palmitinsyre finst også naturleg i huda vår. Talg er særs rik på palmitinsyre – som gir ei beskyttande barriere på huda og som gjer huda mjuk. Palmitinsyre beskytter huda mot ytre påvirking. Huda vår inneheld mindre palmitinsyre etterkvart som me vert eldre. Då kan talgbasert hudpleie hjelpe godt.
- Glyserid (i kjemisk forstand er feitt glyseridar) – fuktigheitsbevarande og gjer huda mjuk og elastisk.
- Stearinsyre og oljesyre er feittsyrer som me finn på det ytterste laget av huda vår og i kroppen sin eigen talgproduksjon. Dei bidreg til å gi eit beskyttande lag på huda, og gjer den mjuk og smidig. Dei kan også ha ein anti-inflammatorisk effekt. Stearinsyre i hudpleie kan hjelpe til å betre huda sin beskyttelsesbarriere, medan oljesyra hjelper ulike næringsstoff med å trekke inn i huda.
- Essensielle feittsyrer linolensyre (omega-3-feittsyre) og linolsyre (omega-6-feittsyre). Bidreg til å halde huda smidig og sunn, og hindrar fukt-tap. Kan også ha anti-inflammatoriske og antibakterielle eigenskaper. Me brukar talg frå grasfôra dyr (ikkje bruk av kraftfôr), og studiar viser at kjøt/feitt frå grasfôra dyr inneheld ein betre balanse mellom omega-3 og omega-6.
- Til liks med andre animalske produkt inneheld talg dei feittløyselege vitaminane A, B, D, E og K, som gir næring til huda vår.