Har du prøvd vår naturlege solkrem?

Har du prøvd vår naturlege solkrem?

SYMRE SOLKREM ein naturleg solkrem med såkalla fysisk solfilter/mineralfilter som beskytter mot UVA- og UVB-stråler. Me brukar det naturlege solfilteret Tiosol frå Urtegaarden i Danmark. Fysiske solfiltere, som Tiosol, virkar ved å legge ei hinne på huda, som reflekterer og sprer UV-strålane og slik beskytter huda. Det aktive stoffet i Tiosol er det naturlige mineralet titandioxid (ikkje-nano form). Solkrem med fysisk solfilter og naturlege ingrediensar kan passe ekstra fint for personar med allergi / sensitiv hud. Og me har både solkrem naturell og solkrem med lavendel.

Lenke til solfilterer med brukar finn du her

Solkremane våre inneheld i tillegg det fysiske solfilteret ei rekke gode oljer som bidreg til å gi næring og regenerere huda:

💛 Ringblomst av økologisk ringblomsturt uttrekt i mandelolje: Virkar regenererande og helande, og lindrar solforbrenning.

💛 Jojobaolje: Beskyttar og gjenoppbygger hudbarrieren, har antibakterielle og antiinfammatoriske eigenskaper og inneheld i tillegg naturleg solbeskyttelse.

💛 Hvetekimolje: Ei veldig næringsrik olje med høgt innhald av E-vitamin.

 💛 Gulrotfrøolje: Ei naturleg frøolje, full av antioksidantar og essensielle feittsyrer.

 

Mange er nysgjerrig på den naturleg solkrem, og under har me samla ei rekke spørsmål og svar!

KVIFOR SKAL EG BRUKE EIT NATURLEG, FYSISK SOLFILTER?

💚 Trygg og naturleg solkrem med få ingrediensar burde ha vore lett tilgjengeleg for alle! Dessverre inneheld mange masseproduserte solkremar hormonforstyrrende, allergifremkallende og/eller miljøbelastende stoff. Les gjerne meir om slike stoff på www.svanemerket.no. Huda vår er ikkje tett og det er kroppen sitt største organ, så det er faktisk veldig viktig at me passer på kva me smører på oss.

☀️ Nokre studiar indikerer at fysisk solfilter i ikkje-nano-form gir betre beskyttelse enn kjemisk solfilter med same solfaktor. Dette er fordi slike solfilter legg seg som eit lag oppå huda og reflekterer UV-strålane vekk.

🌿 Tiosol er eit av få solfilter som er tillatt i økologisk solkrem.

🌸 Solkrem med fysisk solfilter og naturlege ingrediensar kan passe ekstra fint for barn og personar med allergi / sensitiv hud.

🌎 Tiosol er rekna for å vera eit miljøvennleg alternativ.

 

Kjøp vår naturlege solkrem her!

 

FAKTOR 20 – ER DET NOK DÅ?

Kjøp vår naturlege solkrem her!

Solkremane våre har faktor 20 – men er det nok då?

Som me har skrive over, så beskyttar solkrem med fysisk solfilter ved å legge seg som ei hinne på huda og reflekterer og sprer UV-strålane. Den fysiske barrieren hindrar strålane i å trekke inn i huda, i motsetning til solkrem med kjemisk filter som absorberer strålane. Og som nemnt så indikerer enkelte studier at solkrem med fysisk filter beskytter betre enn solkrem med kjemisk filter. Våre erfaringar tilseier at faktor 20 gir god beskyttelse når det gjeld bruk av fysisk solfilter. Det vert ofte anbefalt faktor 30 til små barn, men aller helst bør dei minste haldast unna den sterkaste sola.

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 30 gir dobbelt så mykje beskyttelse som faktor 15:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Solkrem kan også gje falsk tryggheit. Med ein høgare faktor er det fort å smørje seg for lite eller at ein ikkje smører seg så ofte, fordi ein tenker at den gir nok beskyttelse.

😎 Å SMØRJA SEG OFTE OG NOK ER VIKTIG!

😎 HALD DEG UNNA SOLA NÅR DEN ER PÅ DET VARMASTE

😎 BRUK SKUGGEN ELLER DEKK DEG TIL MED KLÆR

Og visste du at solkremar med det fysiske solfilteret tiosol berre kan beskytte opp til faktor 30? Solkremar med faktor over dette er solkremar med kjemisk solfilter. Og med det kjemiske solfilteret kjem det dessverre også ei rekke dårlege tilsetningsstoff du IKKJE vil ha på huda di … og me vil heller ikkje ha dei i naturen!

Kjøp vår naturlege solkrem her!

 

KORLEIS BRUKE SOLKREMEN?

Smør eit tynt lag med solkrem på huda – men pass på at du smører på nok. Vil du ha endå betre beskyttelse kan du smørja på meir, sidan solkremen dannar ei fysisk beskyttelseshinne. Hugs at det er viktig å smørja seg ofte, gjerne annakvar time!

Tiosol er vannavvisande og det er talget også. Smør deg likevel på nytt etter bading for sikkerheits skuld.

Ein kan bli litt kvit på huda når ein bruker solkrem med fysisk solfilter. Men heller det enn kjemisk solkrem med masse skumle stoff i! Solkremen vår har også masse ringblomsolje, hvetekimolje og bivoks. Alle desse er gule/brune på farge, og bidreg til å gjere solkremen mindre kvit.

Kjøp solkremen vår her!

 

ER SOLKREM MED NATURLEG, FYSISK FILTER MILJØVENNLEG?

Det er i det store og heile usikkert korleis solfilter påverkar miljøet, og særskilt livet i havet. Men det finst testar som indikerer kva kva solfilter som sannsynlegvis har lite påverknad, og kva solfilter som truleg har negativ påverknad på marint liv.

Tiosol (titandioxid non-nano) som me bruker i solkremen vår er rekna for å vera eit
miljøvennleg alternativ. Ein har ikkje funne at dette solfilteret skadar marint liv.

Zink oxide som er eit anna naturleg, fysisk solfilter kan derimot i følge undersøkingar potensielt vera skadeleg for marint liv.

Mange kjemiske solfilter er testa og viser at dei potensielt sett skadar marint liv. Det finst også kjemiske solfilter som er testa, og som ikkje ser ut til å vera skadelege for miljøet.

Styr unna kjemiske solfilter som Oxybenzone, Octinoxate, Octocrylene, Homosalate, Ensulizole, Enzacamene. På Hawaii er Octinoxate forbudt å bruke på grunn av faren for at det skader korallrev i havet/marint liv.

 

INNEHELD NATURLEG, FYSISK SOLFILTER HORMONFORSTYRRANDE STOFF?

Tiosol (titandioxid non-nano) som me bruker i solkremen vår er ikkje hormonforstyrrande.

Det er heller ikkje Zink oxide non-nano som er eit anna fysisk solfilter som er mykje brukt.

Men vær obs på at både Titandioxide og Zinkoxide finst i nanoform (mindre partiklar), og for desse har ein ikkje nok data til å sei at dei ikkje er hormonforstyrrande.

Så nb! sjå etter NON-NANO / IKKJE-NANO i innhaldslista når du kjøper solkrem med fysisk filter.

Mange kjemiske solfilter er hormonforstyrrande.

 

MEN ER IKKJE TITANDIOXID FARLEG DÅ?

Hugsar du oppslaga i media for ei stund tilbake om titandioxid i tannkrem? Så er ikkje titandioxid farleg då?

Titandioxid er et mineral. I solkrem vår brukar me titandioxid som er NON-NANO. Det viser til partikkelstørrelsen. Titandioxid NON-NANO har partikkelform som ei klynge, og er med andre ord så store einingar at det ikkje kan gå gjennom huda. Mineralet legg seg heller som eit lag oppå huda, og til bruk i solkrem er det nettopp dette me vil skal skje. NON-NANO titandioxid er både lovlig og rekna som trygg til bruk i sminke og solkrem.

Titandioxid i NANO-form, altså i mindre partiklar som kan trekke inn i blodet, og er meir problematisk. Titandioxid er forbudt å tilsette i matvarer i Norge.

 

BLIR EG VELDIG KVIT I HUDA AV Å BRUKE SOLKREM MED FYSISK FILTER?

Du blir kan hende litt kvit på huda, men spør du oss er det eit kvalitetsteikn. Heller kvit i huda enn enn å bruke ein solkrem full av skumle stoff både for oss og miljøet. Eit godt tips er å smørje seg raskt med ein body lotions først, og deretter påføre solkrem, då vil det kvite laget bli mindre framtredande.

 

KVA SEIER ANDRE OM SOLKREMEN VÅR


Kjøp vår naturlege solkrem her!

 

LES MEIR OM SOLKREM HER:

Snl.no om solkrem

Snl om solfaktor

Heltkrem.no sin oversikt over ulike solfilter

Bee organic om titandioxid

Forskning.no om solkrem og solfilter

 

Tilbake til bloggen