Brennesle ... vårens beste plante?

Brennesle ... vårens beste plante?

Me har vel alle vore uheldige og brent oss på brennesla? For oss som er mykje ute og arbeider på garden skjer det iallfall igjen og igjen, kvar einaste vår og sommar. Både stengelen og bladet på brennesla har brennhår. Desse sprøyter ut ei giftig væske når me kjem borti planten. Er du så uheldig at du brenn deg kan den lindrande kløsalva vår med ryllik vera til god hjelp.

 

Næringsrik matplante

I Noreg har me smånesle og stornesle, som saman ofte berre blir kalla brennesle. Brennesla er ein av dei første plantane som kjem om våren. Og sidan den er overalt her på garden, har me alltid tenkt at me burde brukt den til noko. Den er utruleg næringsrik, ei skikkeleg helsebombe, spesielt tidleg om våren. Om våren inneheld blada mykje protein, karoten og C-vitamin. Brennesla er elles rik på klorofyll og mineraler – jern, fosfor, magnesium, mangan, sink og silisium, i tillegg til ei rekke sporstoffer. Me har byrja tørke den og bruke den som krydder/kosttilskot i maten. Den er også ein viktig ingrediens i urtesaltet vårt som me lagar her på garden, og som me sel på reko-ringar og marknadar. Unge skot og blad av stornesle er også god i neslesuppe og til neslekål, i pai og omelett. Blada kan fint erstatte spinat eller brukast i pesto.

I folkemedisinen

Brennesla har hatt ein viktig posisjon i folkemedisinen, og dei legande eigenskapane finn ein i heile planten frå rot til blad. Smånesle er kjent frå langt tilbake i historia, og er nemnt i historiske kjelder allereie i middelalderen. Ein skal også ha funne spor etter nesle i Osebergskipet då dette blei gravd ut.

Brennesle har i folkemedisinen blitt brukt mot revmatisme og leddbetennelse. Den har mellom anna også blitt brukt mot kløe, bitt og sår. Avkok av brennesle har blitt brukt til hjelp mot hoste og astma. Ein har også tenkt at den har blodrensande eigenskaper og den har blitt brukt som styrkedrikk på grunn av sitt næringsrike innhald.

Brennesle er generelt rekna som ein trygg urt å bruke. Moderne forskning indikerer også at brennesle kan ha medisinsk effekt mot ulike plager. Det har mellom anna blitt forska ein del på bruk av brenneslerot ved forstørra prostata BPH. Brennesle ser også ut til å ha ein lett smertelindrende virkning og betennelsesdempande eigenskaper. Studier viser også at brennesle kan løyse opp slim i halsen og lindre hoste.

Hudpleie

Men kva så med hudpleie? Brennesle i form av avkok, tinktur eller uttrekk har gode eigenskaper i hudpleie. Brennesla er god til både hud, negler og hår ettersom den inneheld mykje silisium – eit viktig mineral for huda.

Brennesle kan ha god effekt på eksem og irritert hud. Den har beroligande eigenskaper og kan bidra til å lindre brannsår og solbrent hud. Brennesle kan også vera eit godt alternativ til problem med feit hud.

Avkok av brennesle er også godt for håret, særskilt om ein har problem med feitt hår. Om ein skyller godt og jamleg med neslevatn vil håret få fin glans og fylde.

 

Ingrediens i nytt produkt

I fjor hausta me massevis av brennesle og tørka det. Så har me laga oljeuttrekk av det. Dette skal bli ein viktig del av eit nytt produkt me arbeider med. Saman med andre gode og naturlege ingredienser. Følg med!

Oversikt over alle produkta våre finn de her.

 

Kjelder som omhandlar brennesla sine eigenskaper: Store norske leksikon (snl.no), Rolv.no, nhi.no.

Tilbake til bloggen