10 gode grunnar til kvifor du bør velge naturleg hudpleie i 2025!

10 gode grunnar til kvifor du bør velge naturleg hudpleie i 2025!


1.

🌼 Huda er kroppen sitt største organ. Studiar viser at mykje av det me smører på oss trekker inn i huda. Og visste du at kroppen vår absorberer over 2 kg kjemikaliar i året kun frå hudpleie/kosmetikk?  

 2.

🌿 Når ein bruker naturleg hudpleie har ein betre kontroll over kva ein eksponerer kroppen sin for. Naturleg hudpleie inneheld få og forståelege ingrediensar.

3.

🫶 Naturleg hudpleie gir nærleik til naturen! Hudpleie inneheld ofte syntetiske, industriframstilte ingrediensar. Men kva er eigentleg poenget med dette? Kvifor treng me syntetiske ingrediensar når naturen sine ingrediensar er tusen gonger betre? Og ikkje minst naturlege? Me bør alle strebe etter å kome nærare naturen igjen – i liva våre, i maten me et og ikkje minst når det gjeld hudpleie. Nærleik til natur gjer liva våre meir meiningsfylte. 

4.

💙 Hudpleie kan innehalde stoff som forgifter naturen og livet i havet. Styr unna hudpleie som inneheld mellom anna siloksan og fluorkarbon.

 5.

👶 Enkelte ingrediensar i hudpleie kan (ifølge Framtiden i våre hender) vera utvunne ved hjelp av barnearbeid!!! 

6. 

🌎 Veit du at ein del hudpleie / kosmetikk / såpe kan innehalde mikroplast! Når du då til dømes vaskar deg, så hamnar mikroplasten frå kosmetikk- og hudpleieprodukta i avløpet, og då sjølvsagt til slutt gjerne i havet.   

7.

🌿 Naturleg hudpleie gir masse næring til huda! Vanleg hudpleie inneheld gjerne fyllstoff som vatn, opp mot 70 prosent i nokon kremar. Du betaler altså for vatn, og ikkje for ingrediensar som gir huda di det den treng. 

8.

💙 Når du kjøper naturleg hudpleie så støtter du ein liten småskalaprodusent, (istadenfor eit stort firma/fabrikk). Lokal verdiskaping og lokalsamfunn. Det betyr mykje både for deg, produsenten og lokalmiljøet.  

9.

🌿 Ifølge Svanemerket.no så finst det kanskje så mange som 1000 kjemikalier som er hormonforstyrrande. Ein del hudpleie inneheld hormonforstyrrande stoff. 

10.

🌼 Vår talgbaserte hudpleie inneheld få og forståelege ingrediensar frå naturen. Me bruker lokale ressursar frå garden og lokalmiljøet vårt, saman med økologiske oljer av høg kvalitet!

 

Sjå heile vårt utval av naturleg og økologisk hudpleie her!

 

VIL DU LESE MEIR:

https://www.framtiden.no/tips/den-mest-miljoevennlige-kosmetikken

https://svanemerket.no/miljo/kjemikalier-og-miljogifter/hva-er-hormonforstyrrende-stoffer/

https://www.fhi.no/nyheter/2020/mange-ulike-kjemikalier-gar-gjennom-kroppen-hver-dag/

https://svanemerket.no/miljo/kjemikalier-og-miljogifter/hva-er-siloksaner/

 

 

Tilbake til bloggen