Har du opplevd at huda svir eller blir raud etter at du har smurt deg med solkrem? Kanskje kjem kløen snikande etter nokre timar, eller du får små utslett som ikkje var der før. For mange med sensitiv hud blir solbeskyttelse eit dilemma: Du veit at du må beskytte deg mot UVA- og UVB-strålar, men toler ikkje produkta du finn i butikkhylla.
Då kan ein naturlig solkrem med fysisk filter vere eit betre alternativ. Hos Symre hudkrem blir solkremen laga på Een gard på Voss, i små batchar, med talg frå grasfôra vestlandsk fjordfe og nøye utvalde ingrediensar. Målet er å gi effektiv solbeskyttelse utan unødvendige tilsetjingar som kan trigge irritasjon.
I denne artikkelen ser vi nærare på kva naturleg solkrem er, kva fysisk solfilter betyr i praksis og kvifor denne typen solkrem ofte blir betre tolerert av sensitiv hud.
Kva meiner vi med naturlig solkrem?
Når vi snakkar om naturlig solkrem, meiner vi ein solkrem basert på naturlege råvarer og fysiske mineralfilter, utan syntetisk parfyme og overflødig kjemiske stoffer. Ein slik solkrem inneheld gjerne planteoljer, bivoks og mineral som sinkoksid og titandioksid.
Hos oss finn du mellom anna Solkrem SPF 30 naturell – 100 % naturleg, uten parfyme. Denne varianten er heilt utan parfyme og eteriske oljer og passar godt for deg som reagerer på duft eller har hud med tendens til eksem og irritasjon. Solkremen er utvikla med omsyn til både hud og miljø og inneheld berre ingrediensar vi sjølve kan stå inne for.
Vi lagar også Solkrem SPF 30 med lavendel – 100 % naturleg for deg som ønskjer ein mild, naturleg duft. Begge variantane har fysisk solfilter, økologiske ingrediensar og er tryggleiksvurderte etter gjeldande regelverk.
Naturleg solkrem betyr ikkje at alt kjem rett frå naturen utan bearbeiding. Det betyr at ingrediensane er få, kjende og nøye utvalde. Du skal kunne lese ingredienslista og forstå kva du smører på huda di. For mange er det nettopp reduksjonen i talet på ingrediensar – og fraværet av syntetisk parfyme – som gir mindre irritasjon og meir ro i huda.

Kva er fysisk solfilter – og korleis verkar det?
Fysisk solfilter fungerer annleis enn kjemiske filter. I våre solkremar brukar vi sinkoksid NON-NANO og titandioksid NON-NANO. Desse minerala legg seg som ei tynn hinne utanpå huda og reflekterer og spreier UV-strålane bort frå hudoverflata.
Det betyr at solkremen verkar med ein gong du smører deg. Du treng ikkje vente på at han skal «trekke inn» for å gi beskyttelse. Samstundes blir ikkje UV-filtera absorbert ned i huda slik mange kjemiske filter blir.
Vi vel NON-NANO-variantar for å sikre at partiklane ikkje er i nanostorleik. Dette er eit bevisst val av omsyn til både helse og miljø. SPF 30 gir høg beskyttelse mot både UVA- og UVB-strålar når du brukar tilstrekkeleg mengd. Det inneber at du må smøre rikeleg og gjenta påføring minst kvar time ved sterk sol, og oftare dersom du badar eller sveittar mykje.
Ingen solkrem gir 100 prosent beskyttelse. Difor bør du alltid kombinere solkrem med skugge, klede og fornuftig soleksponering.
Kvifor toler sensitiv hud ofte naturlig solkrem betre?
Sensitiv hud reagerer ofte på lange ingredienslister, alkohol og syntetisk duft. Når hudbarrieren er svekka, skal det lite til før du kjenner svie eller kløe. Ein naturlig solkrem med få og milde ingrediensar kan difor vere eit meir skånsamt val.
I solkremane våre kombinerer vi fysisk filter med nærande oljer og talg. Talg har ein feittsyreprofil som liknar huda si eiga samansetning, med mellom anna palmitinsyre, stearinsyre og oljesyre. Det gjer at huda lett kjenner igjen og nyttar feittet. Når du smører eit tynt lag, støttar du hudbarrieren samstundes som du beskyttar mot sola.
Ønskjer du å forstå meir om kvifor talg verkar så godt saman med huda, kan du lese artikkelen Talg – den gløymde skatten i naturleg hudpleie. Der går vi djupare inn i kva talg er, korleis det verkar og kvifor det passar spesielt godt for sensitiv og tørr hud.
Talg inneheld også naturleg feittløyselege vitamin som A, D, E og K. For tørr og irritert hud kan dette bidra til å redusere stram kjensle og styrke hudbarrieren over tid. Mange med reaktiv hud opplever at færre ingrediensar og talgbasert pleie gir mindre uro i huda.
Rosacea er eit konkret døme på ei hudtilstand som lett reagerer på sterke ingrediensar og parfyme. I artikkelen Kvifor talgbasert hudpleie hjelper mot rosacea! forklarer vi kvifor korte ingredienslister og hudnære feittstoff kan vere eit betre alternativ for hud som treng ro og færre triggarar. Solkrem behandlar ikkje hudsjukdom, men eit mildare produkt kan vere lettare å leve med i kvardagen.
I tillegg til talg inneheld solkremen ringblomstolje, jojobaolje og hvetekimolje med naturleg E-vitamin. Bivoks gir ein lett vassavstøytande effekt og bidreg til å hindre uttørking. Saman skaper dette ein solkrem som både beskyttar og pleier.

Slik brukar du naturlig solkrem i kvardagen
For å oppnå den beskyttelsen som står på flaska, må du bruke nok produkt. Mange smører for lite og får dermed lågare beskyttelse enn SPF 30. Rist flaska godt før bruk, påfør rikeleg mengd og fordel jamt over huda.
Smør deg før du går ut i sola, og gjenta påføring minst kvar time ved sterk sol. Sjølv om bivoks gjer kremen meir motstandsdyktig mot vatn, vil han gradvis bli slitt av ved bading og svetting.
Du kan gjerne kombinere solkremen med ein enkel hudpleierutine som styrkjer hudbarrieren gjennom sommaren. I overgangen mellom sesongane, når huda har vore utsett for både sol, vind og temperaturskifte, kan det vere ekstra viktig å gi henne næring. Les gjerne Ta vare på huda i overgangen mellom sommar og haust for fleire råd om korleis du kan halde huda balansert før og etter solsesongen.
Naturleg solkrem og omsyn til miljøet
Når du badar med solkrem på huda, vil noko av produktet hamne i vatnet. Difor betyr ingrediensvala noko – ikkje berre for deg, men også for naturen rundt deg.
Vi produserer alle produkta våre på Voss, med respekt for råvarene og dyra. Talgen kjem frå grasfôra vestlandsk fjordfe, og vi lagar solkremen i små batchar for å sikre kvalitet og ferskheit. Fysiske mineralfilter som sinkoksid og titandioksid NON-NANO blir rekna som meir skånsame for livet i havet enn fleire kjemiske alternativ.
Ved å velje ein naturlig solkrem med korte ingredienslister og utan unødvendige tilsetjingar, tek du eit bevisst val – både for di eiga hud og for miljøet.
Er naturlig solkrem rett for deg?
Dersom vanleg solkrem gjer huda di raud, stram eller kløande, kan det vere verdt å prøve ein naturleg variant med fysisk filter. Du får breispektra beskyttelse mot UVA og UVB, samstundes som du tilfører næring som støttar hudbarrieren.
Start gjerne med den parfymefrie varianten dersom du er usikker og følg med på korleis huda di reagerer gjennom sommaren. Opplever du mindre irritasjon og meir balanse, har du kanskje funne eit betre alternativ for deg.
Solbeskyttelse handlar ikkje berre om å unngå solskade her og no. Det handlar om å ta vare på huda du skal leve med heile livet. Når du vel ein naturlig solkrem laga med omtanke, gir du huda di eit vern som både beskyttar og pleier.