Symrejentene sine hausfavorittar
Symrejentene sine hausfavorittar
Vil du gje ei gåve til nokon du er glad i, eller til deg sjølv? Kva med å gje nokre av Symrejentene sine haustfavorittar i gåve.
Vår naturlege og økologiske hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljø. Det er ei gåve med meining – handlaga på ein vakker vestlandsgard! 🌿
PAKKA INNEHELD:
Kroppskrem med nesle, løvetann & ylang-ylang som gir fuktigheit og næring. Spesielt beroligande ved irritert og nuppete hud etter barbering av legger, lår og bikinilinje. Brennesla er god til både hud, negler og hår ettersom den inneheld mykje silisium – eit viktig mineral for huda. Brennesle kan ha god effekt på eksem og irritert hud. Løvetann er ein allsidig plante som mellom anna inneheld A-vitamin A, B1, B2, C, D, E og biotin som er bra for hud, hår og negler. Nydeleg aroma av ylang-ylang. (50 ml)
+
Symre leppepomade naturell gjer leppene mjuke og gode, og inneheld kun 3 ingredienser!
Leppepomaden inneheld ikkje parfyme og eteriske oljer, så den kan vera eit godt alternativ for barn og personar med sensitiv hud og allergiar. Merk at ein ikkje skal gje honning til barn under 1 år. Denne leppepomaden inneheld honning, så unngå bruk på barn under 1 år.
Til å lage leppepomaden brukar me talg frå eigen gard/utvalde nabogardar i lokalmiljøet vårt, me bruker økologisk olivenolje av høg kvalitet og lokal og økologisk honning frå Voss.
+
Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje (60 ml). Dette er ein ansiktskrem som passar for alle hudtypar. Men den er særskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med talg som har eit naturleg innhald av dei feittløyselege vitaminane A, D, E, K. Kremen inneheld også villhausta raudkløver frå garden vår, som kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik på antioksidantar og er særs god for aldrande hud. Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem, aldrande hud. Kremen har ein rik aroma av rose.
+
Sminkefjerner & augebalsam (50 ml). Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam – gir ekstra god fukt, næring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem.
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 69 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.